Ambros Nørstrud
HIMINGEN FORLAG - startside  | LITT OM LIFJELL  | BOKA TIL TOPPS I LIFJELL  | GJESTEBOKA  | KONTAKT OSS  | AKTUELT  | TEMA  | FOTOALBUM  | LINKER TIL NYTTIGE SIDER  | KONKURRANSE  | AMBROS NØRSTRUD

"Fjell" av Olav Kaste

Han står der og stirer
i dag som før,
grannen vår,
Himing fjell.
Kikar i vindauga inn,
og spør
 etter vårt ve
og vel.

Lågare lite
står Tjorbufjell
attendeskuvt
og forsagt.
Eg såg det
en ny
og forunderleg dag.
Ein dyrgrip
til hine lagt.

Attafor andre
ligg fjerne fjell
og glitrar
med is på tind.
Tåke i botnen,
kvit og stinn,
i leik kringom toppane
ver og vind ...
Eg ser kan hende 
ein dag.
 

Rgnlifjellet_og_Himingen(1).JPG
Røgnlifjellet og Himingen sett frå Nordbygda i Heddal der Olav Kaste budde.

Lyrikaren Olav Kaste (1902-1991) vart fødd i Heddal og arbeida som lærar ved Nordbygda skule i heimbygda si. Han ga ut mange diktsamlingar og vart av mange rekna som ein av dei fremste lyrikarane som skreiv på nynorsk.
Den fyrste diktsamlinga ga han ut i 1946 og det var "La visne dei blomar". I 1950 kom "Og det blei kveld" og den neste boka i 1955 var "I skuggen av Tåråfjell". Han skreiv fleire bøkar, dikt og prologar i tida 1958 til 1979 mellom anna "Heddal - songen".

("Fjell" er nytta etter avtale med Magnhild Kaste Larsen)