Sau i Lifjell

Bildet er tatt på Lindeburoe i ein av dei fyrste dagane av juli i 2008 . Beitesesongen er igang!
Lifjell sauesankelag
er organisera av bønder, hovedsakeleg frå Heddal, som utnyttar sine områder i Lifjell til beite for sau. For dei som driv med sau er desse 2-3 månadene om sommaren ei viktig tid for at sauen får tilgang på godt fjellbeite. Beitesesongen varer vanlegvis frå st. Hans til fyrste helga i september. Leiar for laget Ole Halvor Tubaas i Heddal seier at dei har god erfaring med lite tap av dyr i Lifjell. Det som ein har lagt merke til av rovdyr har nok berre vori enkelte streifdyr.
Tidlegare hadde laget rundt 1100 sau ute på beite - eit antall som passa godt til tilgangen på beite. Nå har antall dyr auka til nærare 1700 dyr som er i meste laget. Det kan ein sjå av at dyra ikkje har fått den vekst og vekt ein skulle venta etter at beitesesongen på fjellet er over.
Normalt sett er fyrste helga i september tid for sanke og ta dyra heim. Ettersakingen er vanlegvis tredje helga i september. Laget sett pris om turfolk og andre seier ifrå dersom dei finn/ser skadde eller daude dyr. Ikkje minst i sanketida er det og fint om det vært sagt i frå om ein har sett sau. Det kan være til stor hjelp for som dei leitar over store fjellområde.
Kontaktperson: Ole Halvor Tubaas: telefon 35 02 27 18 eller mobil 974 36 777 .
|